ALV collage

Fjordkonferansen 2017

fjrodkonfFleire prosjekt relatert til velferdsteknologi har blitt presentert under årets Fjordkonferanse.

Fjordkonferansen er eit fellestiltak for forskings- og utdanningsmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Konferansen arrangerast for femte gang i 2017 og skal vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane, i næringslivet, og offentleg verksemd i regionen som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar. Høgskolen i Molde, Høgskolen i Ålesund, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Møreforsking og Vestlandsforsking har saman teke initiativet til Fjordkonferansen. Hovudsamarbeidspartnar for Fjordkonferansen er Sparebanken Møre. I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Mørealliansen finansiert konferansen. Les meir om konferansen på nettsida http://fjordkonferansen.no/ 

Konferansen vart opna med eit foredrag ved Rolf Fiskerstrand frå Fiskerstrand Verft. Sjølv om det er store forskjellar mellom verftsindustrien og offentlege helse og omsorgstenestar var det svært spanande å kjenne igjen verdsetjinga av innsikt i behov og samskaping mellom behovseigar (fiskar), akademia og leverandør.

Heile tre innlegg har linkar inn mot ALV-Møre og Romsdal!

På Fjordkonferansen blir aktuelle FoU-arbeid presentert og drøfta, og ein tek sikte på å utarbeide årlege antologiar der artiklar kan publiserast. I år vart det presentert artikklar relatert til VRI prosjektet Ulstein kommune eig, relatert til lærings- og velferdsteknologi (Pokemon Go), "Jeg kan" prosjektet i Ålesund og NTNU/USHT sitt prosjekt relatert til simulering. Les kort om dei tre prosjekta under bilda.

Lidun BakgrunnLidun Hareide, Møreforsking og Silje Ims Lied, HiVo presenterte sitt utkast til artikkel basert på eit prosjekt om lærings- og velferdsteknologi; "Kan vi bygge lørings og velferdsteknologi for elevar med Asperger syndrom (AS) og Tourettes syndrom (TS) basert på spelteknologi?" Dette er eit prosjekt eigd av Ulstein kommune, basert på VRI midlar søkt gjennom ALV. Resultata syner blant anna at Pokemon Go har bidratt til at personar med AS og TS har gått meir ut, noko som er svært positivt med tanke på risikoen for angst og isolasjon for personar med desse utfordringane.

karl EllingKarl Elling Ellingsen, professor i NAKU/NTNU presenterte grunnlaget for sin artikkel der han vil han sjå nærare på nettverket i prosjektet "Jeg kan" i Ålesund kommune, og kva det er som har ført til at prosjektet har blitt som det har blitt. "Ålesund kommune viser vei både nasjonalt og internasjonalt gjennom prosjektet "Jeg Kan", som omhandler tjenesteinnovasjon og velferdsteknologi for mennesker med en utviklingshemming" .

Helen simuleringHelen Berg frå USHT/NTNU presenterte simuleringsprosjektet ho arbeidar med saman med Marianne Louise Frilund og Ronald Båtnes; "Simulering som pedagogisk metode i den medisinske samhandlingskjeda". Dette er eit svært spennande og metodisk krevjande prosjekt, som kan bidra med kunnskap relatert til pedagogisk metode som truleg også kan overførast til opplæring relatert til velferdsteknologi.