ALV collage

  • Hjem
  • Aktuelt
  • Sunnmørsposten med artikkel om befolkningsbomber!

Sunnmørsposten med artikkel om befolkningsbomber!

Screenshot 2015 11 20 17 52 37I Sunnmørsposten si papirutgåve 17. november, har Inger Otterlei skrive ein god artikkel som set lys på skjulte befolkningsbomber.

 Ho viser blant anna til fylkesplansjef Ole Helge Haugen som seier: "Nedgang i folketall og endringer i arbeidsstyrken gjør at enkelte kommuner vil ha større utfordringer når det gjelder å løse lovpålagte oppgaver i eldreomsorgen i framtida. Her ligger det noen befolkningsmessige bomber."

 

Artikkelen set fokus på ei av flere årsaker til at ALV-Møre og Romsdal vil bidra til å byggje og dele kunnskap omkring velferdsteknologi, gjennom tverrfagleg samhandling i organisasjonane og tverrfagleg samhandling mellom ulike samfunnsaktørar.

Haugen fortel i artikkelen at 30 % av dei sysselsatte i dag jobbar i kommunen, i dei store kommunane utgjer dette 17 %. "Skal arbeidsstyrken ned og antall eldre opp, er vi fort oppe i 50 prosent." 

ALV-Møre og Romsdal oppfordrar kommunane til å imøtekome desse utfordringane gjennom auka fokus på tenesteinnovasjon og velferdsteknologi. 

For Ålesund kommune viser framskrivinga i artikkelen til ei endring i andelen av personar i alderen 80+, frå 2 039 av 45 747 innbyggjarar i 2014 til 4 228 av 55 269 innbyggjarar i 2040. Denne doblinga tilsvarar ei endring frå 4,5% til 7,6% av befolkninga.  På Sunnmøre er andelen personar på 80+ venta å bli høgst i Vanylven kommune med heile 17,5% i 2040, mot 7,3% i 2014. Den lavaste andelen er venta i Ulstein kommune med 6,2% i 2040 mot 3,7% I 2014.

Artikkelen samanliknar ikkje andelen av personar i arbeidsfør alder mot andelen av personar i kategorien 80+.

Les heile artikkelen her: Smp 17.11.15 Befolkningsbomber(etter avtale med smp.)