ALV collage

  • Hjem
  • Aktuelt
  • Kva er viktig for deg? Behovskartlegging i Ålesund

Kva er viktig for deg? Behovskartlegging i Ålesund

 

Tone kva er viktig for degProsjektleiar Tone Kirkhorn på besøk hos Kristine Feste for å høyre kva som er viktig for ho for å føle seg trygg og mestre kvardagen. http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-moere-og-romsdal#t=8m58s

 

 

Trygt liv i eigen heim

Torsdag kveld 5.mars kl 18.00 skal Ålesund kommune ha idèkafe på Spjelkavik omsorgssenter. Målet denne kvelden er å sette ord på kva som er viktig for den enkelte for å klare å meistre kvardagen, og føle seg trygg heime. Det blir gruppearbeid med fokus på:

  • Kva utfordringar møter du når du eller nokon nær deg ynskjer å bu heime?
  • Kva trengs for å meistre kvardagen?
  • Kva skaper utryggheit?
  • Kva skaper fridom?

Initiativet til idékafeen kjem frå ei arbeidsgruppe som mellom anna jobbar med behovsgrunnlaget for ei framtidig tryggleikspakke og tenester rundt denne. Kunnskapen som kjem fram denne kvelden vil vere eit stort bidrag inn i dette arbeidet, og den vil også medvirke til vidareutvikling i andre tenester.