Dialogkonferanse 13. september!

Skrevet .

Heile gruppa12 kommunar inviterer til dialogkonferanse 13. september, relatert til "heilheitlege løysingar for velferdsteknologi".

Det felles initiativet har bakgrunn i «Arena for læring om smarte offentlige anskaffelser av velferdsteknologi», eit læringsnettverk om innovative anskaffelser, arrangert i samarbeid mellom ALV-Møre og Romsdal og Nasjonalt program for leverandørutvikling. Kommunane som deltek er: Aukra, Norddal, Rauma, Sandøy, Skodje, Sula, Stranda, Sykkylven, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund.  Alle kommunane er partnarar i ALV-Møre og Romsdal.  

Det har gjennom samlingane kome fram eit felles ønskje om å jobbe fram mot «heilheitlege velferdsteknologiske løysingar», uansett om kommunane står overfor innkjøp relatert til heimebuande, kommunale bygg eller mottak/responssentral. Dette har leia fram til at vi no går saman for å bygge ytterlegare kunnskap i forkant av komande anskaffelsar, gjennom ein felles dialogprosess ut mot næringslivet.

Den veiledande kunngjeringa har no kome ut på doffin; https://www.doffin.no/Notice/Details/2016-232052 Dialognotatet blir lagt til 20.august, og vil gi meir detaljert informasjon.

Vi ønskjer at denne prosessen skal kome både brukarar, kommunar, akademia og næringsliv til gode. 

Div. utdrag frå veiledande kunngjering: