Sunnmørsposten med artikkel om befolkningsbomber!
I Sunnmørsposten si papirutgåve 17. november, har Inger Otterlei skrive ein god artikkel som set lys på skjulte befolkningsbomber.
Ho viser blant anna til fylkesplansjef Ole Helge Haugen som seier: "Nedgang i folketall og endringer i arbeidsstyrken gjør at enkelte kommuner vil ha større utfordringer når det gjelder å løse lovpålagte oppgaver i eldreomsorgen i framtida. Her ligger det noen befolkningsmessige bomber."
Artikkelen set fokus på ei av flere årsaker til at ALV-Møre og Romsdal vil bidra til å byggje og dele kunnskap omkring velferdsteknologi, gjennom tverrfagleg samhandling i organisasjonane og tverrfagleg samhandling mellom ulike samfunnsaktørar.
Haugen fortel i artikkelen at 30 % av dei sysselsatte i dag jobbar i kommunen, i dei store kommunane utgjer dette 17 %. "Skal arbeidsstyrken ned og antall eldre opp, er vi fort oppe i 50 prosent."
ALV-Møre og Romsdal oppfordrar kommunane til å imøtekome desse utfordringane gjennom auka fokus på tenesteinnovasjon og velferdsteknologi.
For Ålesund kommune viser framskrivinga i artikkelen til ei endring i andelen av personar i alderen 80+, frå 2 039 av 45 747 innbyggjarar i 2014 til 4 228 av 55 269 innbyggjarar i 2040. Denne doblinga tilsvarar ei endring frå 4,5% til 7,6% av befolkninga. På Sunnmøre er andelen personar på 80+ venta å bli høgst i Vanylven kommune med heile 17,5% i 2040, mot 7,3% i 2014. Den lavaste andelen er venta i Ulstein kommune med 6,2% i 2040 mot 3,7% I 2014.
Artikkelen samanliknar ikkje andelen av personar i arbeidsfør alder mot andelen av personar i kategorien 80+.
Les heile artikkelen her: Smp 17.11.15 Befolkningsbomber(etter avtale med smp.)