Fagseminar om videokommunikasjon 19.mai
Velkommen til fagseminar om videokommunikasjon
i spesialist-/primærhelsetenestene
Videokommunikasjon VK via synkrone løysningar gir høve til å skape møter mellom personar med behov for rehabilitering og fagpersonalet i brukaren sin heim utan reisetid både for brukarar og fagpersonalet. VK har også vist å kunne skape utvida kontakt mellom dei som bur på sjukeheim og pårørande, VK som verkty er lite utprøvd i Møre og Romsdal, og det er derfor ynskjeleg å byggje kompetanse om denne typen tenester i regionen. Seminaret er primært retta mot helsepersonell i spesialist-/primærhelsetenestene, og som har planar om eller kan tenkje seg å ta i bruk VK i samband med kvardagsrehabilitering/ tradisjonell rehabilitering eller som eit tilbod til kontakt med pårørande på sjukeheim. På seminaret vil ein bl.a. få innblikk i kunnskapsstatus for denne typen helsetenestetilbod.
Tid: Tysdag 19. mai klokka 12 00 - 15 00
Stad: Høgskolen i Ålesund, auditoriet Kaupangen
Program:
12 00
Videobasert telerehabilitering i spesialist-/primærhelsetenestene v/førsteamanuensis Ralf Kirchhoff og høgskulelektor Helen Berg
13 30
Videokommunikasjon mellom brukarar og pårørande i sjukeheim v/leiar for utviklingssenter for heimetenester i Møre og Romsdal Brit Krøvel og førsteamanuensis Rigmor Einang Alnes
14 30
Tid til samtale om utfordringer og muligheter ved bruk av videokommunikasjon
Påmelding:
Bruk elektronisk påmeldingsskjema og svar innan 1/5-2015.
Parkering:
Hovudparkeringsplass aust for skulen. Du må bruke kode for å kome gjennom bommen, ring 70161200 for dagens kode.
Det er få parkeringsplassar ved høgskulen, og vi tilrår derfor kollektiv transport eller samkøyring dersom det er mogeleg.