ALV collage

Utprøving

I ALV-Møre vert det prøvd ut ulike typar kjend teknologi for å sjå om dei kan brukast til å løyse utfordringar målgruppene står ovanfor.

Utprøvinga skjer ute i kommunane og i ALV-leilegheita.

GPS-sporing

Sunnmørs-kommunane Ålesund, Ørskog, Vanylven, Herøy og Ulstein har vore med i Det Midtnorske velferdsteknologiprosjektet med blandt anna utprøving av GPS-sporing. Resultata frå utprøvinga er dokumentert i rapporten under. GPS-sporing prosjektet går vidare i 2014 i alle dei fem kommunane med prosjektleiar Tone Kirkhorn   

pdfRapport utprøving av GPS-sporing

Tildeling av varslings- og lokaliseringteknoloig

Det er også laga eit refleksjonsnotat omkring tildeling av varslings- og lokaliseringteknoloig som det vert jobba vidare med av prosjektleiaren for GPS-sporing.

pdfErfaringsnotat tildeling av varslings- og lokaliseringsteknologi

Brukarerfaringar etter utprøving av GPS-sporing for personer med kognitiv svikt/demens

Med ressurs frå helsefag ved Hials og frå prosjektarbeid i kommunen vert det jobba med ein artikkel som bygg på rapporten ovanfor. Artikkelen vart presentert på Fjordkonferansen i Loen den 19.juni i år, og skal vere ferdig i løpet av september 2014.

pdfFjordkonferansen_PP_

Spelteknologi

 Kommunane  Ålesund, Ulstein, Herøy og Vanylven har også vore med i Det Midtnorske velferdsteknologiprosjektet med utprøving av spelteknologi. Også dette prosjektet går videre i 2014 med Tone Kirkhorn som prosjektleiar. Erfaringane så langt er dokumentert i rapporten under.

pdfSpelrapport

Skype

Det vert prøvd ut Skype i sjukeheim ved Hatlane omsorgssenter i Ålesund. Mål for prosjektet er mellom anna utprøving av teknologi, brukarmedvirkning og sosial aktivisering.

Det er utviklingssenteret for heimetenester i Møre og Romsdal som leiar prosjektet, det er knytt eit mastergradsarbeid til utprøvinga. Informasjon om masteroppgåva ligg her: http://alv-more.no/aktuelt/22-aktuell-masteroppgave-om-brukarkompetanse-i-innovasjon

 

Nettbrett

Ålesund kommune prøvar ut nettbrett i heimebasert omsorg. Det ser ut til at utprøvinga gjev gevinst i forhold til å frigjere meir tid til direkte brukarkontakt.

pdfInnføring av nettbrett i heimetenesta i Ålesund kommune