ALV collage

Om ALV-Møre og Romsdal

Gjennom samskaping mellom ulike samfunnsaktørar,
bidrar ALV til å bygge og spreie kunnskap om velferdsteknologi og tenesteinnovasjon

NTNU i Ålesund og Ålesund kommune etablerte i 2013 eit samarbeidsprosjekt med mål om å etablere ein læringsarena for velferdsteknologi. Dette har leia fram til dagens ALV-Møre og Romsdal som omfattar NTNU og 18 partnarskapskommunar. Prosjektgruppa som har følgt prosjektet frå starten fungerer no som eit nettverk med fagkompetanse innan helsefag, IKT-fag, bygg-fag og innovasjonsfag, med represententantar både frå universitet og kommune.

ALV-Møre og Romsdal har etablert ei leilegheit på NTNU i Ålesund som er innreid med kjøkken, bad, soverom og stue og utstyrt med moderne kjend teknologi. Denne leilegheita er den fysiske Arena for Læring om Velferdsteknologi (ALV-Møre og Romsdal) og fungerer som eit laboratorium for utprøving, utvikling og læring knytt til velferdsteknologi og innovasjon.

ALV-Møre og Romsdal knyter til seg prosjekt hjå partnarane som tidsavgrensa satellittar. Satellittane utgjer læringsarenaer der den tverrfaglege samhandlinga som ALV representerer skal styrke satellittprosjekta, samtidig som ALV haustar kunnskap og erfaring frå satellittprosjekta. ALV ønskjer å bidra til auka samskaping mellom ulike samfunnsaktørar.

Mål og strategi

Partnarskapsavtale

Årsrapport 2016