ALV collage

Kva er det med Pókemon Go?

 pokemon go 1569794 1920Ja, kva er det med Pókemon Go? Kan spelet ha bidratt til at ungdommar med Tourettes syndrom (TS) eller Asperger syndrom (AS), som har isolert seg i lang tid, har byrja å gå ut for å spele Pokémon GO, og byrja å samhandle med andre om dette spelet?

Midt under Pokémon GO-bølga i fjor sommar møttest Anne Line Gausdal, leiar av Norsk Tourette Forening og Lidun Hareide frå Møreforsking heilt tilfeldig på stranda på Flø der Lidun bur. Dei kjenner kvarandre frå den lokale padleklubben, der Lidun har rettleia nokre fantastiske ungdommar med TS i havkajakk over fleire år. Lidun fortalte at ho hadde så lyst til å forske på korleis vi kan bruke Pokémon Go i undervising.

"Veit du", sa Anne Line. "Dessa ungdommane med tourette har begynt å gå ut for å spella Pokémon GO, ja dom har tel å med  begynt å spella med andre! Å vettu, je snakka akkurat i går med Elin i Autismeforeninga, og Aspergerungdomma har begynt å gå ut døm også! Tenk om vi kunne fått laga en app eller et spell som kunne hjelpe ungdomma å komme seg ut og å komme seg gjennom skolen!"

"Så fantastisk!" sa Lidun. "Dette må vi jo forske på! Vi må finne ut kva ungdommane sjølve meiner det er med Pokémon GO som gjer at dei har lyst til å gå ut! Så kan vi bruke denne kunnskapen til å bygge eit verktøy som hjelper dei til å meistre skulekvardagen!"

VRI Prosjekt

Dei sette i gang, fekk med seg Ulstein kommune, ALV-Møre og Romsdal, spesialpedagogar og forskarar på spelteknologi frå Høgskulen i Volda, lærarar, professorarar med spesialkompetanse på AS og på TS, helsesøstre, og søkte om 200 000 kroner i VRI-midlar til eit lite forprosjekt.

Målet for VRI prosjektet vart sett til å empirisk tileigne oss og synleggjere ny kunnskap om kva kvalitetar ved spelteknologien ungdommar med AS og TS sjølve meiner gjer at dei eventuelt endrar åtferd. Mens eit langsiktig mål vart sett til å kome fram til forslag til korleis og på kva måtar (spel) teknologien kan brukast for å hjelpe desse gruppene – og på sikt utvikle lærings- og velferdsteknologi.

VRI-prosjektet er gjennomført med vekt på nærleik til brukaren og behovsdreven innovasjon. Prosjektet tek utgangspunkt i to forskingsspørsmål:

  1. Kva seier ungdommar med AS og TS om korleis dei brukar Pokémon GO? Ser vi indikasjonar på åtferdsendring? Eventuelt kva type?
  2. Er det noko ved spelteknologien i Pokémon Go som får ungdommar med AS og TS diagnose til å endre åtferda?

Det har blitt utarbeida spørjeskjema med mulegheit for å gje utfyllande svar. Organisasjonane har fyrst lagt premissane for utforminga, før ein har henta inn tilbakemeldingar frå ungdommanse sjølve. Desse vektla at undersøkinga måtte vere anonym, konkret og ha presise nok svaralternativ.

Prosjektgruppa

  • Anne-Line Evenrud Gausdal, leiar av Norsk Tourette Forening
  • Elin Svendsen, styremedlem i Autismeforeninga i Møre og Romsdal
  • Gabriela Segredo, lærar ved Ulstein Vidaregåande skule
  • Ingfrid Grimstad, Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH)
  • Hanna Elisabeth Langnes Moldskred, helsesøster ved Ulstein vidaregåande skule
  • Roar Stokken, Høgskulen i Volda
  • Michael B. Lensing, konsituert leiar av NevSom – Nasjonalt kompetanssenter for nevroutviklingsforstyrrelser og hypersominer (NevSom)
  • Silje Ims Lied, instituttleiar for institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda (HVO)
  • Lidun Hareide, prosjektleiar, Møreforsking Molde AS.
  • Marit Botnen, Kommunalsjef Helse og omsorgsetaten, Ulstein kommune.
  • Tone Kiperberg Kirkhorn, leiar for Arena for Læring om Velferdsteknologi (ALV-Møre og Romsdal)

Resultat

Resultata frå undersøkinga har no kome inn, og delar av prosjektgruppa var samla 23.juni for ein foreløpig gjennomgang.  Prosjektet og dei foreløpige resultat vart også presentert 20.juni under Fjordkonferansen 2017, av Lidun Hareide og Silje Ims Liid (HVO). Dei  to jobbar i desse dagar med ein artikkel basert på resultata, og planen er å få publisert dette i Fjordantologien.  Det vi alt no kan seie, er at resultata har stadfeste nokre av dei tankane vi hadde i forkant, men også gitt oss ny kunnskap om kva ungdommane sjølve meiner gjer at dei endrar åtferd. Prosjektet har gitt oss svært positive erfaringar med tett samarbeid mellom brukarorganisasjonar, akademia og kommunen, og ikkje minst involvering av ungdomane sjølve.

korr 3  
Tilbake på Flø. Lidun (t.h.) presenterer resultata.  
korr 2  

Frå venstre: Marit Botnen, Ingfrid Grimstad, Hanna Elisabeth Langnes Moldskred, Elin Svendsen og Lidun Hareide.

 
endra  
Lidun Hareide og Silje Ims Lied presenterer prosjektet og grunnlaget for artikkelen vi ønskjer publisert i Fjordantologien.  

Vegen vidare

Resultata skal vidare nyttast som grunnlag for ein søknad til Regionalt forskingsfond om midlar til eit større forprosjekt, der vi skal finne ut meir om korleis element av teknologien i Pokemon GO kan brukast i utvikling av velferdsteknologi for meistring og læring for desse gruppene. I eit påfølgjande hovudprosjektet ønskjer vi så å teste og prøve ut ideane skisserte i forprosjektet saman med leiande spelteknologar.

Meir om bakgrunnen for prosjektet

Sjølv om diagnosene AS og TS er svært ulike, opplever Møre og Romsdal fylkeslag av Autismeforeningen og Norsk Tourette Forening avdeling Møre og Romsdal at ungdommar i ungdomsskule og vidaregåande skule med desse to diagnosene har ein del utfordringar felles.  Både ungdommar med AS og TS har stort behov for struktur, planmessigheit, forutsigbarheit og kontroll, og opplever ofte den vidaregåande skulen som overveldande.  Mange opplever nærleik som angstframkallande, og ustrukturert tid og situasjonar, som til dømes friminutt og fritimar, som spesielt utfordrande. Mange ungdommar med desse diagnosane utviklar sosial angst i ungdomstida, og mange maktar difor ikkje å gå på skulen eller å gå ut og samhandle med andre, og dei isolerer seg i staden framfor sin eigen pc. Ein konsekvens av denne isolasjonen er at ungdommane med desse diagnosene får få meistringsopplevingar og lite trening i samhandling, og svært mange gjennomfører ikkje vidaregåande skule. Dette får konsekvensar for resten av livet. I følgje NAV og NevSom står dei fleste med diagnosen AS utanfor arbeidslivet, og studier viser at også vaksne med TS i større grad enn landsgjennomsnittet er utanfor den ordinære arbeidsmarknaden. Det vil vere ein stor samfunnsøkonomisk gevinst om fleire av desse ungdommane fullfører vidaregåande skule og kjem ut i arbeid.

Etter lanseringa av Pokemon GO i juli 2016, observerte Møre og Romsdal fylkeslag av Autismeforeningen, Norsk Touretteforening og BUP Volda at ungdommar som hadde isolert seg i lang tid plutselig byrja å gå ut for å spele Pokémon GO, og byrja å samhandle med andre om dette spelet. Dette tyder på at det finst teknologi som ser ut til å påverke desse ungdomsgruppene til å frivillig bryte isolasjonen, og det kan også sjå ut som om spelet representerer eit univers som desse ungdommane opplever som trygt å snakke og samhandle med andre om. Foreldre av ungdommar med desse to diagnosene og BUP-Volda seier at ungdommane fortel at dei opplever meistring og får trening i samhandling på eigne premissar.

Emneord: Ulstein, Pókemon GO, Autisme, Tourettes