ALV collage

Styrken ligg i nettverket!

nettverkI desse dagar har det gått ut brev frå styreleiar i ALV-Møre og Romsdal, Håvard Overå, med informasjon om endringar i «staben». Endringar kan som kjent medføre usikkerheit, men opnar samtidig for nye mulegheiter. Eg ønskjer å dele informasjonen med dykk også her, saman med nokre tankar rundt dette.

Frå august -16 har Bjarne Pareliussen, som har kompetanse innan IT/elektronikk, hatt eitt års engasjement i 50 % stilling. På møte 5. mai vedtok styret i ALV å opprette ei fast 50 % stilling i tillegg til stillinga som dagleig leiar. Dette utifrå at talet på parnarar er aukande, og at det har vist seg særs nyttig at ALV har komplementerande kompetanse innan IT/elektronikk.Bjarne går no over i eit engasjement i 100 % i fire år som leiar for det Nasjonale implementeringsprogrammet for velferdsteknologi i dei fem kommunane som vert det nye Ålesund frå 2020. Bjarne har vore ein svært viktig aktør i si periode som tilsett i ALV, ikkje minst i prosjektet retta mot digitalt tilsyn og kompetansa relatert til dei nasjonale prosessane rundt standardisering! Eg er difor svært glad for at prosjektleiarstillinga betyr at Bjarne framleis vil vere ein aktiv part i arbeidet med velferdsteknologi og tenesteinnovasjon i regionen, og ein synleg aktør i nettverket vi alle er del av. Eg trur verdien av at så mange av dykk kjenner til Bjarne, og at han kjenner dykk, vil bidra til å lette overføring av erfaring og kunnskap frå prosjektet i Det nasjonale programmet til kommunar som ikkje er med her.

Nettverk er det viktigaste stikkordet her. Dei av dykk som har høyrt meg eller andre presentere kva ALV er, har høyrt påstanden «Verdien ligg i nettverket!».  Verdien av ALV ligg i nettverket av ulike aktørar. Dette er fagpersonar som har vore med frå oppstarten av ALV som prosjekt, frå Ålesund kommune, NTNU, Utviklignssenteret for sykehjem og hjemmetjenester, Senter for Omsorgsforsking og Hjelpemiddelsentralen. Det er lokale prosjektleiarar hjå partnarane, kontaktpersonar, representantar frå ALV-brukargruppa, innkjøpssamarbeid, ikt-samarbeid, næringsliv osv..

Styrken og effekta vi oppnår gjennom vårt partnarskap i ALV skjer i møte mellom desse!

At det er her styrka i ALV ligg, har vore viktig for meg når eg no har bestemt meg for å takke ja til ei ny stilling i Sula kommune, frå 25.9.17. Sidan Sula er partnar i ALV vil eg framleis vere ein del av nettverket og ha nytta av samarbeidet her. Eg er trygg på at den lokale forankringa i pågåande prosjekt og prosessar sikrar at desse går trygt vidare, uavhengig av når vi har nye personar på plass i stillingane og dei kan bidra til yttarlegare aktivitet. Skulle det bli ei kort periode utan fast tilsette i ALV, så veit eg også at dyktige og engasjerte personar i Ålesund kommune og USHT stiller opp undervegs og ikkje minst når nye personar er på plass.

Vi har store ambisjonar om at ALV skal utviklast vidare og bli ein lærings- og kompetanse-arena for heile Møre og Romsdal fylke, og at vårt perspektiv om samskaping vil gi positive resultat for brukarane, offentleg sektor, samfunnet, akademia og det lokale næringslivet. Styrken til å få til dette ligg, som sagt, i nettverket mellom oss alle!

Vi vil så snart som råd lyse ut dei to stillingane i ALV, og har mål om å få inn personar med kompetanse både innan helse og sosial og IT/elektronikk. Og kanskje får vi også mulegheit til å mellombels auka stillingsomfanget finansiert av ulike prosjektmidlar? Så vi oppfordrar dykkk alt no å tenkje over om det er personar som kan oppfordrast til å søkje stillingane.

Så snart utlysingane er klar blir dei lagt ut både her på nettsida og delt på facebook sida vår.

Tone Kiperberg Kirkhorn

Emneord: Endring, nettverk, samskaping