ALV collage

Nyheitsbrev, mai 2017

ALV logo komplett MR luftrundt

Med dette nyheitsbrevet ønskjer vi å gi eit innblikk i status og nokre av aktivitetane i ALV-Møre og Romsdal.

Status partnarskap

Vi ønskjer våra nyaste partnarar Hareid kommune og Molde kommune velkomne i ALV!

Dei slår no følgje med: NTNU i Ålesund, Ålesund kommune, Aukra kommune, Haram kommune, Herøy kommune, Norddal kommune, Rauma kommune, Sandøy kommune, Skodje kommune, Sula kommune, Stranda kommune, Sykkylven kommune, Ulstein kommune, Vestnes kommune, Volda kommune, Ørskog kommune og  Ørsta kommune.

Alle kommunane i Møre og Romsdal har ein ståande invitasjon til å bli partnarar i ALV-Møre og Romsdal.

ALV-Brukargruppe

IMG 149122brukargruppe 22.3.mars var ALV-brukargruppe samla til nytt møte. Tema for dagen var Digitalt tilsyn. Deltakarane hadde i forkant fått utsendt informasjon om digitalt tilsyn og innspel til aktuelle spørsmål til diskusjon i eigen organisasjon. Innspela som kom opp gjennom workshopen blir tatt med tilbake i prosjekta.

Det er flott å kunne møtast på denne måten, utveksle informasjon og diskutere tankar, begrep, spørsmål, mulegheiter og utfordringar. Ikkje minst set vi pris på det vi opplever som eit miljø med aksept for og interesse for kvarandre sine tankar og meiningar.

Vi håper å få gjennomført neste møte i løpet av juni, der vi vil sjå på korleis vi i fellesskap kan bidra til auka kompetanse blant innbyggjarar om moglegheitene velferdsteknologi gir og korleis nyttiggjere seg dette.

 Innovative innkjøp

Ininformasjonsmøte anskaffelseitiativet blant kommunane for felles innovative innkjøp av Helhetlige velferdsteknologiske løsninger,  leia fram til at 14 kommunar gjekk saman om innkjøp av pasientvarslingsanlegg. 20.mars invitert dei inn til ei felles orientering om erfaringane så langt og planene for vidare prosess for innkjøp av plattform, tryggleikspakke og responssentral.  Meir om møtet kan lesast her: Felles møte om anskaffelse

I desse dagar blir det sendt ut invitasjon til dialog/informasjons møte om innkjøp av plattform, 22. mai. Invitasjonen går ut til alle kommunane i fylket. Her vil blant andre direktoratet for ehelse og kommunar med erfaring frå tilsvarande prosessar delta.

 

 

Digitalt tilsyn

ALV-Møre og Romsdal fekk i 2016 kompetanse og innovasjonsmidlar frå Fylkesmannen til eit prosjekt retta mot tenesteinnovasjon med bruk av sensorteknologi med tilknytt bilde/video. Prosjektet omfattar no delprosjekt i kommunane Ulstein, Skodje og Ålesund. Vi håper å kunne utvide med fleire kommunar etter kvart. Vi legg ut meir informasjon om dette prosjektet på nettsidene om ikkje lenge!

Deling av kunnskap og erfaring

Fleire av partnarane har delt erfaringar både nasjonalt og lokalt  siste månadane. Dette tyder på innsikt i kompetansen som blir bygd i regionen, men ikkje minst ei stor vilje til deling og samhandling!

Det har kome mange spørsmål om innlegg/presentasjonar frå ALV-Møre og Romsdal i 2017. Vi har blant anna bidratt med innlegg under digitaliseringskonferansen til ROR, arbeidsmiljø-konferansen til  KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet,  KS sentralt sitt besøk frå hovudstyret til «KS» i Bulgaria,  fellesmøte om innovative innkjøp, for studentar ved Høgskulen i Volda (Helse i omsorg og plan) og for elevar frå Fagerlia videregående skole.

Heldigvis er vi eit nettverk av personar som kan bidra for deling på denne måten. Dette er ein viktig del av ALV, og vi ønskjer fortsatt å prioritere kapasitet til å spreie informasjon og nå nye grupper på denne måten!

KontaktpersonarSamling kontaktpersonar 09.02.17

ALV har ein fast kontaktperson hjå kvar av partnarane. Desse var samla 9.februar for gjensidig statusoppdatering samt drøfting rundt kva områder det er behov for å bygge kompetanse på, korleis bidra til å bygge denne kompetansen og ikkje minst korleis dele den. Det kom mange gode innspel som vi tek med oss i det vidare arbeidet.

 

Pokémon GO

I 2016 fekk vi VRI-midlar til prosjektet «Lærings- og velferdsteknologi» med ei målsetjinga om å finne ut kva ungdommar sjølve meiner det er med Pokémon GO som gjer at dei har lyst til å gå ut. Målgruppa for undersøkinga er ungdommar med Asperger syndrom og Tourettes syndrom.pokemon 2pokemon 2

Bakgrunnen er at ein har observert at ungdommar som har isolert seg i lang tid plutselig byrja å gå ut for å spele Pokémon GO. Den langsikte målsetjinga er å bruke denne kunnskapen til å bygge eit verktøy som kan bidra til at ungdommane meistrar kvardagen.

Møreforsking Molde leiar prosjektet som blir gjennomført i samarbeid mellom Ulstein kommune, ALV-Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Ulstein Vidaregåande skule, Sunnmøre Folkehøgskule, Autismeforeningen, Norsk Touretteforening og Høgskulen i Volda.

Årsrapport 2016

ALV-Møre og Romsdal sin årsrapport for 2016 ligg ute på nettsidene våra. Linken finn dykk på denne sida: http://alv-moreogromsdal.no/om-oss

Vidare i 2017

Ei viktig satsing i 2017 vil vere å følgje opp kommunane sitt samarbeid om innovative innkjøp, og i den samanheng ha fokus på behov, samskaping og tenesteinnovasjon.

I tillegg vil vi framleis å bidra til:

  • Ulike læringsarenaer, med utgangspunkt i relevante utfordringar/behov
  • Samlingar for ulike grupper som kontaktpersonar, prosjektleiarar, fagområder mm. 
  • Vidare utvikling av samspelet i og med ALV-Brukargruppa
  • Vidareføring av eksisterande prosjekt,  samt initiere forskingsprosjekt og andre prosjekt ved høve
  • At velferdsteknologi og tenesteinnovasjon som tema på relevante arenaer.

Meir informasjon?

Følg oss på facebook: ALV-Møre og Romsdal,
Ta kontakt med   eller

 

 

Emneord: Nyheitsbrev