ALV collage

Årsrapport 2016

ÅrsrapportALV- Møre og Romsdal sin årsrapport er no sendt ut til partnarane. Rapporten viser at det fyrste driftsåret, som forventa etter omskipinga til Partnarskap, har vore både interessant, utfordrande og lærerik.

Rapporten viser også at ALV gjennom 2016 har teke initiativ til, vore medarrangør i eller på andre måtar delteke på ei lang rekke aktivitetar og hendingar som har auka kompetansen om velferdsteknologi både i kommunane og elles.

Vi opplever at det er stor interesse for å ta i bruk velferdsteknologi, men det er også heilt nødvendig å gjere tilpassingar av tenestene slik at gevinstar for både innbyggarane og kommunane kan bli best muleg. Slik tilpassing må skje på lokalplanet i den enkelte kommune, men ALV vil kunne vere ein nyttig medspelar.

 

pdfÅrsrapport 2016

Emneord: årsrapport , 2016