ALV collage

Engasjerte kontaktpersonar!

Verdien av å dele erfaringar viste seg nok ein gong på samling for partnarane i ALV i dag.  Det er spennande å kunne følgje utviklinga i dei ulike kommunane og dei mange spanande prosessane som er på gang!Samling kontaktpersonar 09.02.17

I tillegg til gjensidig statusoppdatering fekk vi oppsummert ALV sitt fyrste år som partnarskap, diskutert kva områder det er behov for å bygge kompetanse på, korleis bidra til å bygge denne kompetansen og ikkje minst korleis dele den. Det kom mange gode innspel som vi tek med oss i vidare planlegging.

2017 og dei komande åra vil by på mange nye erfaringar! ALV vil vere ein pådrivar for at desse blir basert på samskaping mellom ulike samfunnsaktørar, dokumenter og delt.

Bildet er tatt ved avslutning, så tre deltakarar var alt reist. 

Emneord: partnar, kontaktperson, erfaringsdeling, status, plan