ALV collage

  • Hjem
  • Aktuelt
  • Positivt og nyttig møte med brukarorganisasjonar.

Positivt og nyttig møte med brukarorganisasjonar.

Dialogmøte brukerorgALV-Møre og Romsdal har i dag gjennomført eit positivt og nyttig dialogmøte med brukarorganisasjonar, og drøfta korleis desse kan ta aktivt del i ALV. 

Møtet fokuserte på verdien av brukarinnvolvering når ein skal lære om og ta i bruk velferdsteknologi, og korleis ein på organisasjonsnivå kan spele på kvarandre og oppnå samskaping. Diskusjonen leia fram til eit ønskje om ei arbeidsgruppe, basert på ulike brukarorganisasjonar, ei "ALV - brukargruppe". Denne gruppa kan kome med innspel relatert til behov og mulege prosjekt , bidra med ressurspersonar til ulike prosjekt og aktivitetar, samt vere ein sparringspartnar for arbeidet i ALV. 

ALV ønskjer å følge opp dette forslaget, og vil sende ut invitasjon til relevante forbund, lag og organisasjonar, råd og utval. Målsetjinga er å gjennomføre eit fyrste møte før sommarferien, eller tidleg på hausten. 

Dersom nokon alt no er interessert i å vere representert i ei "ALV-brukargruppe", kan dette meldast til prosjektleiar Tone Kirkhorn på  

Deltakarane kom frå ulike brukarorganisasjonar og brukarråd frå fleire kommunar. ALV rettar ei stor takk til desse for ein særs nyttig, positiv og god dialog!

Møtet var gjennomført med bidrag frå NTNU, Senter for omsorgsforskning Midt-Norge og Utviklingssenter for hjemmetjenester i Møre og Romsdal. 

Emneord: Brukar, Involvering , dialog