Signering av partnarskapsavtalen
Kommunane Skodje, Haram, Sandøy, Ørskog, Norddal, Ulstein, Herøy, Volda, Ørsta, Sykkylven, Stranda, Sula, Ålesund og NTNU i Ålesund signerte 18. mars partnarskapsavtalen for ALV-Møre og Romsdal. Avtalen gjeld frå 01.01.16.
Arena for læring om velferdsteknologi (ALV-Møre og Romsdal) gått frå eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Ålesund og Ålesund kommune til eit partnarskap som inkluderar 13 kommunar og NTNU i Ålesund.
Tilbod om partnarskap, frå og med 2016, gikk ut til kommunane i Sunnmøre regionråd hausten 2015, og skal i løpet av våren 2016 også ut til kommunane i Romsdal og Nordmøre.
Læringsarenaen skal gjennom samskaping mellom ulike samfunnsaktørar, bidra til ny kunnskap om velferdsteknologi og fremje velferdsteknologi som verkemiddel for innovasjon i helse- og omsorgstenestane.
Signeringa vart feira med omvisning og kake i ALV-leilegheita. Her spretter styreleiar Håvard Overå kaka.