ALV collage

  • Hjem
  • Aktuelt
  • Tildeling av varsling-og lokaliseringsteknologi

Tildeling av varsling-og lokaliseringsteknologi

LogoMNN ferdig1

Etter erfaringer med utprøving av varsling-og lokalsiseringsteknologi i Det Midtnorske velferdsteknologi prosjektet (2011-2013), vart det utarbeida eit erfaringsnotat som tek føre seg tolkning av lovverk, proposisjonar, rundskriv og styringsdokument knytt til varsling- og lokaliseringsteknologi.

Spørsmål omkring korleis lovverket kan tolkast, kven som skal vurdere samtykkekompetanse, korleis skal samtykke vurderast, kva er motstand, korleis vurdere motstand, kva er mist mogeleg inngripen i ein persons sitt privatliv og korleis vi vurderer dette er problemstillingar som er drøfta i erfaringsnotat om tildeling av varsling-og lokaliseringsteknologi.

Notatet er bygd opp med ei innleiing, ein faktadel, anbefalingar og tre case, eit for kvart
typetilfelle i lovverket.

På grunn av stor etterspurnad etter notatet er det no publisert i HiÅ Brage og er fritt tilgengeleg for alle som kan ha nytte av det.

Link til dokumentet finn de her:

Erfaringsnotat for tildeling av varsling- og lokaliseringsteknologi