ALV collage

Godt oppmøte på haustseminar!

Hausteseminar 29.09.15 Deltakarar

29.september samla ALV-Møre og Romsdal, i samarbeid med Utviklingssenter for hjemmetjenester i Møre og Romsdal, 100 personar til Haustseminar på Scandic Parken i Ålesund. 

 

 

Seminaret vart arrangert etter oppfordring frå fleire kommunar, basert på utfordringar dei møter rundt digitalisering av tryggleiksalarmar og mottakssentral/responssenter, samt signalanlegg til institusjonar.

Standardisering i velferdsteknologi

Helsedirektoratet og KS samarbeidar i Samveis – nasjonalt velferdsteknologiprogram, om utarbeiding av ein nasjonal standard og referansearkitektur for velferdsteknologi.

Desse skal bidra til vi kan velje utstyr tilpassa den enkelte brukar, uavhengig av korleis og til kven informasjon frå utstyret skal sendast til. Dei skal også bidra til personvern/datasikkerheit og ikkje minst til at vi skal kunne stole på at utstyret fungerar.

Resultatet av dette arbeidet skal prøvast ut i 2017, og så gå over i ordinær drift og forvaltning frå 2018.

Camilla Glasø, frå Samveis (KS), ga kommunane råd om at strategiar og planar for digitalisering må vere med i samfunnsplanen, og at dette må vise igjen i andre plandokument. Ho anbefalte kommunar som må bytte ut sine gamle tryggleiksalarmar eller mottakssentral no om å spesifisere anbefalte opne grensesnitt, eks. SCAIP og innføre ein avtalemodell som gjer det mogleg å erstatte delar av løysinga med andre når standardar og referansearkitektur er på plass. Ho anbefalte også å unngå investering og drift av eigen responssenterløysing, og heller nytte seg av private aktører eller tilbodet som kjem frå Kristiansand kommune.

Samveis – veikart for tjenesteinnovasjon, velferdsteknologi

SamveisSamveis veikart er ein praktisk metodikk som set kommunane i stand til å endre offentlege tenester for å møte framtida. Metodikken gir rettleiing, og praktiske verktøy som kan nyttast frå før ein startar og vidare heilt fram til overgangen til drift og ny praksis. Kristin Standal (KS) presenterte veikartet, samt undervisningsopplegget Velferdsteknologiens ABC som kjem innan eit par veker, og mulegheitene som ligg i bruk av desse som hjelpemiddel for kommunane. Læringsnettverket for velferdsteknologi i Møre og Romsdal, skal være pilot for utprøving av Velferdsteknologiens ABC, og vil også benytte veikartet.

Erfaringar

Innen arbeid med velferdsteknologi er det ofte snakk om å “stele med stil”. Det vil sei at det oppfordrast til å dele erfaringar og nytte seg av andre sine erfaringar i eigne prosessar. Dette ønska vi bidra til på haustseminaret, gjennom erfaringsdeling frå ulike kommunar. Vi fekk presentert erfaringar fra Trysil kommune, som er ein av dei fyrste kommunane i landet som har gått over til digitale tryggleiksalarmar og digital mottakssentral, og fra Herøy kommune som har valt ei løysing med digitale tryggleiksalarmar men eit analogt system for mottak.  Trondheim kommune delte sine erfaringar med innføring av nye signalanlegg, både i nye og eksisterande bygg, og Rauma kommune fortalte om sin prosess fram mot nytt helsehus og samarbeidet med Aukra kommune og Sintef.

 Britt Støa Trysil kommuneKjetil Vikås Møre og Romsdal 110 sentral

 

 

 

 

 

 

 

 

  

Leverandørtorg

Hele 15 ulike leverandører hadde tatt turen til Ålesund denne dagen, og representerte både lokale og nasjonale aktørar. Dei fikk vist fram sine produkt innan bl.a. tryggleikssystem, plattformer, signalanlegg og responssenter.

Jonny Kvalsvik Atea Hilde Alvseike Imatis Kjetil Vikås 110 sentralen

SOS international Else Kirkerud Arvid Bakken Svein Østreng

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

Møre og Romsdal

Etter ein lang dag med mange gode innlegg og nyttig informasjon vart dagen avrunda med informasjon om ALV-Møre og Romsdal sin prosess fram mot å bli ein kompetanse- og læringsarena for heile Møre og Romsdal, Utviklingssenter for hjemmetjenester sitt komande tilbud om Læringsnettverk for velferdsteknologi og ikke minst at det i regi av Fylkesmannen er oppretta eit samhandlingsforum for velferdsteknologi. Forumet er satt saman av representantar frå Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester, Fylkesmannen og KomUT, og vil arbeide for å samle kreftene i Møre og Romsdal. Forumet er tydeleg på at dei ønskjer ALV-Møre og Romsdal som eit tilbod til kommunane i heile fylket.

 

Presentasjonar frå seminaret

pdf1. Standardisering av velferdsteknologi Camilla Glasø.pdf

pdf2._Samveis_-_Veikart_Kristin_Standal.pdf

pdf3. Erfaringar frå Trysil kommune Britt Støa og Stina Brenden.pdf

pdf4._Erfaringar_frå_Trondheim_kommune_Lise_Høiberg.pdf

pdf5._Erfaringar_frå_Rauma_kommune_og_Aukra_kommune_Gro_Berild.pdf

pdf6._Brannvarsling_Kjetil_Vikås.pdf

pdf7._Erfaringar_frå_Herøy_kommune_Tone_Kirkhorn.pdf

pdf8._ALV-Møre_og_Romsdal.pdf