ALV collage

Læringsnettverk om velferdsteknologi

DSC 062411 kommuner i læringsnettverk om velferdstknologi i Møre og Romsdal

2.samling i læringsnettverket om velferdsteknologi vart gjennomført i Molde 28. januar. Tema for samlinga var tenestedesign, og det var firmaet Designit som sto for gjennomføring av dagen.

Det midtnorske velferdsteknologinettverket har fylkesvise læringsnettverk om velferdsteknologi i 2014-2015. I Møre og Romsdal er det 11 ulike kommuner som er med på samlingane. Det skal være 3 fylkessamlingar i løpet av året, og ein felles midtnorsk erfaringskonferanse i Ålesund den 28.mai.

Kommunene deltek i nettverket med kvar sine prosjekt, og på nettverkssamlingane får dei prosessveiledning. Prosessveiliedninga tek utgangspunkt i teoriar henta frå sirkulære innovasjonsmodellar med utgangspunkt i behovet til brukaren. På første samling var det innføring i metode, og fokus på å kartlegge behov gjennom brukarhistorie.

På andre samling vart brukarhistoria nytta for å beskrive tenestereise med fokus på løysing av behov. Fram mot siste samling i mars skal deltakarane teste løysingane sine, og det vert fokus på løysinga sin verdi og implementering.

I Møre og Romsdal er det utviklingssentera for heimesjukepleie og sjukeheimar, i samarbeid med fylkesmannen og det midtnorske velferdsteknologinettverket, som arrangerer og står for gjennomføring av nettverkssamlingane.

Designit gjorde ein god jobb og fekk engasjerte deltakarar. Deltakarane fekk med seg ny kunnskap og nye verktøy heim, og dei fleste følte dei hadde kome eit steg vidare med sitt prosjekt. Ei vellykka og nyttig samling!