ALV collage

  • Hjem
  • Aktuelt
  • Internett i kommunale bustader, eit kommunalt ansvar eller ei privatsak?

Internett i kommunale bustader, eit kommunalt ansvar eller ei privatsak?

Velferdsteknologi krev at kommunane tek ansvar for datanettverk som ein sjølvsagt del av infrastrukturen ved all offentleg omsorgsteneste.

Ein kronikk av:

Helen Berg, prosjektleiar ALV-Møre, Ålesund Kommune
Brit Krøvel, UHT i MR, Ålesund Kommune
Cecilie Campbell, fagutviklar VH bo og miljøtenesta/ arbeid og sysselsetting,
Ålesund Kommune
Alnes Rigmor Einang, førsteamanuensis, Senter for omsorgsforsking og
Høgskulen i Ålesund
Hans Georg Schaathun, Professor i Datafag, Høgskulen i Ålesund

Bakgrunn

Sentrale føringar seier at tenester til innbyggarane skal vera prega av tiltak som styrkar sjølvstende, fridom og eigenmestring. Morgondagens kommunale omsorgsbustader skal ha løysingar som er tilrettelagde for ny velferdsteknologi og ha alle dei naudsynte bufunksjonane innanfor privatarealet, tilrettelagt både for bebuarar og pårørande (Stortingsmelding 29, 2012-2013 s. 26).

Trådlause nettverk (WiFi) har for fleirtalet av folket for lengst teke plass blant «naudsynte bu-funksjonar». Nettilgang hjelper oss med dagligdagse praktiske oppgåver og med å oppretthalde kontakt med familie og å kunne ta del på andre sosiale arenaer. Blant dei eldste av oss, som har vore vand med eit liv utan internett, vert der stadig fleire nett-brukarar.
Etterspurnaden etter nett på institusjonar, bukollektiv og omsorgsbustader i kommunane er aukande. Fleire og fleire opplever at det er problematisk med manglande eller dårleg nett når dei flyttar inn på avlastings- eller bu-tilbod i kommunal regi. Manglande internett kan føre til redusert kontakt med slekt og vener, eller tap av tilgang til nødvendig og vanleg kontakt gjennom e-post og aktivitetar som t.d. facebook, avislesing, spel og Skype. Alle slike tap kan føre til redusert sosial aktivitet, til einsemd og påfølgjande tap av livskvalitet og helse.

Personar har ulike føresetnader for å kunne handtere teknologien, frå dei sjølvhjelpne til dei som treng omfattande hjelp og rettleiing. Nytta av nettbasert kontakt med omverda kan vera ekstra stor for menneske med redusert funksjonsnivå. Mange maktar ikkje å koma seg ut for å møte andre menneske, men kan halde kontakt gjennom digitale fora.

Bør nettilgang vere ei privatsak?

Mange hevdar at nettilgang er ei privatsak og ikkje noko som omsorgsapparatet skal ta ansvar for. Mange bebuarar i kommunale bustader har privat nettilgang i dag. Erfaringane
syner at dette skaper utfordringar både for bebuarane og for kommunen. Fleire trådlause nettverk i same bygning skaper støy mellom netta slik at brukaren misser tilkoplinga eller vert misnøgd med hastigheita. Trådlaus nett er avhengig av kabel fram til basestasjonar i
bustaden. Dersom kvar innbuar skal velje sin eigen leverandør til å legge kabel, kan det verte svært mange hol i veggen. Telenor sitt gamle kopparnett for analog telefon er riktig nok ope for at konkurrerande leverandørar kan levere tenester (ADSL/VDSL) på same kabel, men det er gårsdagens løysing. Framtida er optisk fiber, og der er det kvar einskild innhaldsleverandør som legg sin eigen kabel. Private burettslag inngår kollektive avtalar for å få éin leverandør med god kabel. Studentsamskipnadene går eit steg lenger, og tilbyr gjerne trådlaus nett som ein like sjølvsagt basisteneste som vatn i kranen og strøm til huset. For omsorgsbustadar og
bukollektiv er det kommunane som må på banen som huseigar og driftsansvarleg. Det er rett og slett ikkje mogleg om alle skal velja individuelt.

Mange av omsorgstenestene som blir utført er avhengige av nettverk. Til dømes skal tryggleiksalarmar, som har brukt telefonnettet, digitalliserast fordi telefonnettet er under avvikling. Nettet må være stabilt for å sikre tryggleiken til dei nye digitale tryggleiksalarmane og annan nettavhengig velferdsteknologi. Med private nett vert der også ei gråsone knytt til støtte og drift av teknologien. I tillegg til dei praktiske problema som oppstår med mange trådlause nett på ein liten plass, kjem ein vesentleg kostnadsauke. Ein huseigar med mange bu-einingar kan tilby trådlaust nett til ein redusert kostnad per innbuar m.a. fordi ein basestasjon dekkjer fleire bu-einingar.

Hindringar for innovasjon

Erfaringar frå ulike typar kommunale bustader, både sjukeheimar og bukollektiv, syner at
nettilgang er eit vesentleg hinder for nye løysingar. Når bebuarar og pårørande er villige til å delta i prøveprosjekt, er det ikkje naturleg å krevje at dei skal skaffe utstyr og nett privat. Offentlege utprøvingsprosjekt budsjetterer med kostnader til utstyr, men ikkje til infrastruktur. Val av utprøvingsstad må difor gjerast ut frå kvar ein trur der er eit tilfredsstillande kommunalt trådlaust nett på plass. Det viser seg likevel at sjølv i nybygde institusjonar og bustader er nettverket ikkje tilstrekkeleg utbygd. Typisk har installasjonen fokusert på fellesareala og lagt privatarealet utanfor dekningsområdet. Aktivitetar som t.d. å «Skype» er ei privatsak som egnar seg best på eige rom.

Kommunane er avhengige av å prøve ut ny teknologi og nye løysingar for å møte nye utfordringar og demografiske endringar – og kommunen har og krav til seg om å legge til
rette for at utprøving og forsking kan finne stad i kommunen (lov om kommunale helse- og omsorgstenester med nye pålegg frå 1. januar 2012, § 8-3). Teknologiutviklinga opnar nye
moglegheiter og tilbod, og dermed også nye behov og forventingar til helse- og omsorgstenestene. Teknologiutviklinga i kommunal helse- og omsorg har også ein kostnad. God nettdekning krev god teknologisk infrastruktur, både når det gjelder utbygging av internett, klargjering og oppkobling av teknologi og support/støtte for drift av teknologi. Det er difor viktig at politikarane ser heilskapleg på helse- og omsorgstenestene, og løyver pengar også til IKT-utfordringane.

Framtida er på nett

Der er slik fleire grunnar til at kommunane må ta koordineringsansvar for datanettverk i
kommunale omsorgsbustader.

  • Huseigar kan etablere eit trådlaust nettverk betre og billegare enn den einskilde.
  • Teknologi i omsorgstenesta stiller krav til nettverket utover den private sine behov.
  • Ein kan ikkje få kunnskap om velferdsteknologi i kommunale institusjonar og bu-tilbod utan å kunne ta teknologien i bruk.
  • Universell infrastruktur er ein føresetnad for den innovasjonen som skal vere med å berge oss i møte med eit demografiske skifte.